God litteratur er politisk

Politisk litteratur er ikkje berre litteratur som handlar om politikk, men litteratur som får oss til å sjå verda på ny.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Politisk litteratur er «i vinden». Det blir arrangert konkurransar om å skrive den beste politiske romanen, og på allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen har dei i vår arrangert seminarrekke om litteratur og politikk.

Men kva er no eigentleg politisk litteratur og når er politisk litteratur god? Vi spør professor Atle Kittang, ein av Noregs framste litteraturvitarar.

Det fins grovt sett tre ulike typar politisk litteratur, hevdar Kittang. Den eine er litteratur som bruker litteraturen som medium for å debattere eit spesifikt tema eller ei sak.

- Alt i 1871 kravde Georg Brandes at litteraturen skulle setje problem under debatt, seier han.

- Nyare døme på slik problemdebatterande litteratur er dei svenske forfattarane Sara Lidman og Gøran Palm som på 1960-talet skreiv om problem knytt til Vietnamkrigen og til konflikten mellom rike og fattige land. Bøkene deira synte at dette kunne gjerast på litterært gode måtar.

Partilitteratur

Ein annan type politisk litteratur er partilitteraturen: Litteratur som er skriven ut frå ein viss politikk og som gjerne tar klart parti.

Dag Solstads romanar frå 1970-talet er gode døme, i følgje Kittang, og dei viser at også partilitteratur kan bli kvalitetslitteratur. Eit motsett døme frå same periode er «Historiens kraftlinjer» av Espen Haavardsholm.

Solstads nyaste roman «Armand V.» er blitt omtala som ei tilbakevending til den politiske litteraturen, mellom anna av Solstad sjølv.

"Litteratur har alltid handla om menneskelege relasjonar, seier professor i litteraturvitskap Atle Kittang."

Tematikken er politisk i den forstand at det handlar om ein diplomat og dilemmaet hans ved å skulle fronte politiske standpunkt som han sjølv er imot. I den mest omtala scena i boka er han på toalettet med den amerikanske ambassadøren og får eit syn om at denne har grisehovud.

- Er ikkje dette med grisehovudet ein litt banal metafor for noko politisk?

- Eg er samd i at grisehovudet i seg sjølv ikkje er spesielt raffinert som metafor, sjølv om den har ein viss effekt som bilete på ein type rått maktmedvit. Romanens spesielle form (den er skriven som ei rad med fotnotar, red.anm.), er truleg vel så viktig.

- Du må reflektere undervegs. Dermed blir «Armand V.» eit døme på den tredje typen tilhøve mellom litteratur og politikk, der litteraturen kan bli politisk verksam i kraft av forma og språket.

Lyrikken mest politisk?

Dette kan vi finne i prosa og lyrikk som ikkje er eksplisitt politisk i innhaldet, og dermed hos mange av dagens poetar, meiner Kittang: Øyvind Berg, Torgeir Schjerven, Inger Elisabeth Hansen, for å nemne nokre.

I slik lyrikk finn ein det som kanskje er litteraturens viktigaste funksjon, nemleg å bidra til å «redistribuere eller rekonfigurere det sanselege».

Kittang har den seinare tida henta inspirasjon frå den franske filosofen Jacques Rancière som prøver å integrere det estetiske og det politiske nettopp gjennom sine teoriar om redistribusjon av det sanselege.

I nyare litteraturvitskap har det vore ei dreiing mot det historiske og politiske, bort frå den tidlegare konsentrasjonen om det autonome verket.

Vi har ikkje heilt klart å integrere litteraturens autonomi med den historiske og politiske dimensjonen, men her trur eg at ein tenkar som Rancière kan ha noko å bidra med.

Hos han er litteraturens og kunstens evne til å skape nye vilkår for sansing og tenking, få oss til å sjå det usette og høyre det uhøyrde, éin viktig føresetnad for politisk oppbrot og politisk endring - på eit radikalt nivå. Det store i det små, seier Kittang.

Styrken i detaljane

- Kan ein knytte dette med å skrive politisk, til det å skrive «universelt» versus det å skrive om «dei små detaljane»? Enkelte kritikarar har jo hevda at den «universelle» litteraturen er meir relevant?

- Nei, denne debatten er etter mi meining misforstått, seier Kittang og held fram:

- Eit litterært verk kan vere opptatt av ting på mikroplanet og dermed opne for innsikter på makroplanet. Ta til dømes Virginia Woolf. Det som gjer henne så stor er at ho går inn i «dei små tings bevissthetstilstandar».

- Dette ser vi i kjende romanar som «Til fyret» og «Mrs. Dalloway». Her går vi inn i medvitet til hovudpersonen på ein måte som gjer at vi ser verda på ny. Eit anna døme er Gustave Flauberts «Madame Bovary», der samanstillinga av trivielle ting, kjensler og hendingar viser fram løynde sosiale og sansemessige strukturar i verda.

- Så kvinnelege forfattarar som skriv om «dei nære tinga» er ikkje nødvendigvis apolitiske?

- Nei, ein kan like gjerne snu problemstillinga på hovudet. Dersom kvinnelege forfattarar har ei større evne til å skildre det mikroskopiske, er det framfor alt ein styrke, fordi det ofte er i det partikulære vi kan lære noko om oss sjølve.

- Men i prinsippet vil eg ikkje bruke desse sjablongane om «mannleg» og «kvinneleg» skrivemåte. Ein ser at same forfattar skriv heilt ulikt frå roman til roman, seier Kittang.

- Ta til dømes Amalie Skram, i «Hellemyrsfolket» skriv ho breitt, episk og i store sveip. Medan i ekteskapsromanane, som «Constance Ring», skriv ho fram eit psykologisk portrett.

Alt handlar om menneskets tilhøve

I ei eller anna form har litteratur alltid handla om menneskelege relasjonar. Dei gamle greske tragediane om Antigone og Kong Ødipus, Shakespeares Hamlet, Ibsen - alt handlar om tilhøvet mellom menneske, og det er i desse møta vi finn det litterært spenningsfylte. Ofte er det eit trekantdrama som utløyser spenning.

- Det viktige frå ein politisk synsvinkel er at relasjonane vil vere prega av det samfunnet der dei er plassert. Sånn er det med litteraturen som tar fram til dømes moderskapet som tema.

- Om litteraturen blir utvikla på det psykologiske planet, får den likevel ein politisk dimensjon. Eit slikt døme kan vere Hanne Ørstaviks «Kjærlighet» frå 1997.

- Men om kvinner skriv like godt som menn, kvifor er det då så få kvinner på pensum på allmenn litteraturvitskap?

- Dette er vi pinleg klare over, og vi har i nokre tilfelle bytta ut mannlege forfattarar, til dømes William Faulkner med Virginia Woolf, seier Kittang.

- Men at det faktisk er få kvinner i «den litterære kanon», er i seg sjølv eit historisk og politisk fenomen som har å gjere med kva høve kvinner har hatt til å gjere seg gjeldande på kunstarenaen.

- Virginia Woolf hadde heilt rett i at kvinner treng eit eige rom for å kunne skrive, og det har dei ikkje hatt. Vi kan ikkje gjere noko med historia, men ser no at det byrjar å jamne seg ut, og vi får ei jamnare fordeling av mannlege og kvinnelege forfattarar, seier Atle Kittang.

- Eit anna spørsmål er kva type litteratur som blir skriven. Litteraturen må få jobbe i fred, men det er grunn til å uroe seg for kor uavhengig litteraturen i framtida vil bli av dei kommersielle kreftene i reklame og underhaldningsindustri.

Powered by Labrador CMS